Hardingpuls 30 år

Hardingpuls starta opp på Utne i 1993,  og er eit fellesskap der kunstnarar kunne møtast og samarbeida. I dag har Harding Puls eit nettverk av 69 profesjonelle medlemar på tvers av kunstfelt.

Kjære støttespelarar!

Måndag 6. november er ein milepæl for kunstnerorganisasjonen Harding Puls, og det er med stor takksemd og varme tankar at me rettar våre blikk mot kvar og ein av dykk som har vore med oss på denne 30-årige reisa. Dette er ikkje berre eit jubileum for oss, men òg ei feiring av den gode stønaden og engasjementet som kvar av dykk har vist gjennom tre tiår.

Hardingpuls i dag

Sidan starten på Utne i 1993, der me ynskte å skapa eit fellesskap der kunstnarar kunne møtast og samarbeide, er Harding Puls i dag eit nettverk av 69 profesjonelle medlemmer på tvers av kunstfelt. Me har stått saman gjennom ei rekkje prosjekt og initiativ, som alle har medverka til å forma det kulturelle landskapet i Hardanger. Stønad frå dykk og tru på vår visjon har vore uerstatteleg.

Me har alltid sett som vår oppgåve å fremje kunst og kunstnarar i regionen, dette hadde ikkje vore mogleg utan dykkar hjelp og medverknad.

Feiring

Det vert ei storstilt feiring av jubileet vårt ved Kunsthuset Kabuso, Øystese, 4. - 26. mai 2024. Denne hendinga vil vera ein hyllest ikkje berre til våre medlemar, men til alle dykk som har gjort vårt arbeid mogleg.  Me kjem attende med meir informasjon om gjennomføringa i mai 2024.

Takk

Tusen takk for at de har delt denne kreative reisa med oss. Me gleder oss til vegen vidare og over dette samarbeidet som har gjeve så mykje attende til kulturlivet i Vestland.

Pressemelding - Hardingpuls 30 år (PDF, 928 kB)