Komfyrvakt reddar liv!

Folk i alle aldersgrupper opplever branntilløp på komfyren – alt frå unge som lagar nattmat, til travle småbarnsfamiliar og eldre som gløymer at komfyren står på.

Me oppmodar difor alle å installere komfyrvakt! Ein komfyrvakt kuttar straumen dersom du gløymer å slå av plata. Det kan redde heimen din frå brann.

Onsdag 10. februar går den årlege nasjonale komfyrvaktkampanjen av stabelen. Brann-Norge vil med dette auke merksemda rundt komfyrbrannar. Det viktigaste enkelttiltaket for å redusere talet på brannar og branntilløp på komfyren er å installere komfyrvakt.

Dette bør du vite om komfyrvakt

 

Foto: DSB