Kommunehuset opnar att for publikum

No er kommunehuset ope for publikum. Me fylgjer framleis smittevernreglane – så her er nokre greie reglar som du må fylgja ved besøk på kommunhuset.

Reglar

  • Hovudregelen er at du sjølv tek kontakt med sakshandsamar på telefon når du ynskjer å avtala eit møte. Mange saker kan ofte løysast på telefon, og då slepp du bruka tid på eit møte.
  • Når du kjem innom tenestetorget må du alltid registrera deg i skranken. Dette med utgangspunkt i behovet for eventuell smittesporing. Namnelistene vert oppbevarte i 3 veker og vert deretter makulerte.
  • Skal du på eit politisk møte eller i eit anna møte i eit  styre eller råd - registrerer du namnet ditt «berre» i dette møtet. 

Velkomen!