No kan du tinga tid med ein sakshandsamar

Har du behov for å møta ein av våre sakshandsamarar? 

På heimesida er det no opna for at du kan tinga tid med ein sakshandsamar slik at du får høve til å ta opp di sak i ro og mak. Det er ikkje alle sakshandsamarar som er med på ordninga enno, dei som ikkje er oppført kan du framleis nå som før. 

Ved å tinga tid får sakshandsamar høve til å førebu seg før møtet og setja seg inn i di sak dersom du har ein søknad inne. Du er også sikker på at sakshandsamar har tid til å ta i mot deg utan avbrot. 

For å tinga tid trykkjer du på "Lag avtale" øverst til høgre på framsida til Eidfjord kommune. 

Lag avtale