Opning av kinoen

Eidfjord kommunale kino startar opp søndag 16.august etter å vore stengt sidan mars. Det er eigne bransjerettleiarar for kino knytt til koronasituasjonen som inneberer fyljande:

  • Har du symtomar på luftveginfeksjon eller forkjølelsessymtom bli heime.
  • Redusert antal personar som kan vera på kino (40 stk.) for å kunne halde 1 meters regelen
  • Vasking av hender og/eller  antibac må gjerast før registering og betaling
  • Alle som skal på kino må registrere seg med namn og tlf.nr. slik at me kan foreta evt. smittesporing. Listene vert sletta etter 10 dager.   
  • Kun betaling med vipps eller «tæpping», ingen kontakt betaling.
  • Inntil vidare vert det berre ein framsyning kvar søndag.

Det er fint om publikum kan vera ute i god tid slik at me får tid til å ta dei  førehandsreglane som trengs for å unngå koronasmitte.

Kontakt

Lisbeth Bygstad Celik
Einingsleiar
E-post
Telefon 53 67 53 94
Mobil 97 63 39 56

Adresse

Ostangvegen 20
5783 Eidfjord