Oppstartsprogrammet for marknadshagedrift i Vestland. 19. september var det informasjonskveld om oppstartsprogrammet til marknadshager i Vestland på Bu. Publisert 26.09.2024 08.26 Sist endra 26.09.2024 08.26 Kva er ein marknadshage?Såkalte marknadshager, er småskala grønnsaksproduksjon med direktesalg til forbrukaren. Konsepetet har dei siste åra vorte stadig meir populære. Ikkje minst her på Vestlandet der landskapet uansett sjeldent tillet storskala produksjon med levering til grossist, og mange yngre småbrukarar ser seg om etter mulige tilleggsnæringar OppstartsprogramFor sjette år på rad arrangere Bybonde i Bergen, i samarbeid med blant annet Statsforvalteren i Vestland, oppstartsprogram for markedshagedrift i Vestland.Kunnskap om både salg av lokalmat og god agronomi for kommersiell småskala grønnsaksproduksjon vert formidla av erfarne produsenter. Det er fokus på erfaringsutveksling og nettverksbygging for å sikre dei som vurdere å starte ein marknadshage ein trygg og mest mogleg lønnsom oppstart. På Bu møtte me Katinka Kilian som er Bybonde i Bergen, med ti års erfaring med å drifte marknadshage for Undeland Gard i Ulvik, som har vært blant største i fylket, med salg til restaurantar og privatpersonar. Ho gav ein kort innføring i kva som kjenneteiknar ein marknadshage, og fortalte litt om suksessfaktorar og gav informasjon om oppstartsprogrammet. Presentasjon av informasjonskvelden: Infokveld markedshager Eidfjord (PDF, 12 MB)Nyttige linkarOppstartsporgrammet for 2024/25: https://www.markedshage.no/nn/veksthusvandring-i-viken/2024/10/oppstartsprogram-for-markedshager---202425/Meir informasjon om marknadshager i Norge: https://www.markedshage.no/nb/KontaktinformasjonKatinka Kilian Bybonden i Bergen/ Bonde og landskapsarkitektTlf: 474 45 632Web: lystgarden.no