Rydding av plast og anna avfall i Eidfjord

Det var i årets TV-aksjon fokus på innsamling av plast. Lokalt er det framleis mange strender og andre område i utmark det framleis er mykje avfall å finna.

Rydd på land

80% av plasten som finst i havet har si kjelde frå land. Så for å hindra plast i å nå havet er det viktig å rydda på land. Ynskjer de å rydda har ekspedisjonen på kommunehuset sekkar og hanskar til utlevering. Ordninga med å rydda avfall i fjøra, langs vatn og elvar fortset. Dersom du ryddar og mellomlagrar avfall, er det viktig å sikra dette avfallet. Det er viktig å vita at avfallet vert henta i etterkant. 

Innsamla avfall

Det er viktig å varsla Indre Hordaland Miljøverk IKS, Telefon 56 52 99 00, ihm@ihm.no når det har vore innsamla avfall. Meld frå kor sekkane står, talet på sekkar og ca samla kg. Miljøverket samlar inn sekkane. Sekkar kan setjast ved miljøstasjonen i Simadal eller langs offentleg veg der Miljøverket har henterute. 
Små mengder (ein liten berepose) kan leverast i avfallsdunk saman med restavfallet.

Ryddeportalen

Ryddeportalen https://ryddenorge.no/ skal brukast for registrering av innsamla avfall. I denne portalen er det tilrådd å ta bilete og registrere området som er rydda eller trengst rydda. Innmeldt innsamla avfall gjev grunnlag for Miljøverket å få refusjon for sine utgifter til å samla inn avfallet.

Smittevern

Dersom du ynskjer å rydde der du likevel er på tur med familie eller på eigehand er det viktig å gjera dette i samsvar med helsemyndigheitene sine tilrådingar og å respektere myndigheitene sine restriksjonar.

Meir informasjon finn de på https://ryddenorge.no/ og https://www.ihm.no/