Søknad om motorferdsle

Søknad om motorferdsle

Søknad om motorferdsle innan Hardangervidda nasjonalpark for vintersesongen 2020 evntuelt fireårsperioden 2020 - 2023.

Søknad

  • Søknadane gjeld for Odda, Ullensvang og Eidfjord
  • Søknadsfrist 25. november 2019

Søknadskjema

Opplysningar

Hugs at alle opplysningane må vera med. Har du byggjeløyve eller leigeavtale med hytteeigar/grunneigar, skal det leggjast ved kopi av desse. Mangelfulle søknader vert sendt i retur.

Send til

Alle søknader innanfor nasjonalparken skal sendast til:
Tilsynsutvalet i Hordaland, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik,
eller på e-post til:

tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no

Spørsmål?

Spørsmål kan rettast til Anne Gerd Nysveen tlf. 53 67 15 35.

Søknadar utanfor nasjonalparken

Søknader som gjeld utanfor nasjonalparken, skal sendast til, og avgjerast, i den einskilde kommune.
Me ber og om at dei som ikkje har returnert nytta og unytta løyve frå vinter- eller sommarsesongen
2019 gjer dette snarast.