Tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine til alle over 18 år Regjeringa har bestemt å fylgja Folkehelseinstituttet sine råd om ny oppfriskingsdose med koronavaksine til dei som er 75 år eller eldre, og sjukeheimsbebuarar dersom det har gått meir enn 6 månader sidan forgje dose. Publisert 21.03.2023 11.31 Sist endra 21.03.2023 11.39 Eidfjord legekontor har oppfriskingsdosar tilgjengeleg og ber deg som har ynskje om ny dose å ta kontakt på vaksine telefonen på SMS tlf: 900 28 051. Skriv namn, fødselsdato og stadfesting på at du ynskjer vaksine. Du vil få nærmare beskjed om tid og stad for vaksinasjon.