Tildeling av kunstnarstipend for 2021

Kari Pernille Rosfjord er mottakar for Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend for 2021. 

Eidfjord kommune har delt ut stipend til proffesjonelle kunstnarar sidan 2004. I år har
stipendet vore utlyst i ulike media med søknadsfrist 1. mai 2020. I år var det 19
søkjarar av svært høg kvalitet. Etter grundig gjennomgang har juryen einast om å
tildela stipendet til Kari Pernille Rosfjord. Stipendet har vore på kr. 40.000,- dei siste
åra, i tilegg kjem tilbod om opphald i kunstnarbustaden Bergsliskorane og utstilling i Galleri N.Bergslien. 

Begrunning frå juryen: Kari Pernille Rosfjord (f.1970 i Drammen) er kunstutdanna i England og Norge, med
hovudfag frå Institutt for farge ved Statens kunst- og handverkskole i Oslo. Rosfjord
har arbeida med med installasjonar, trykk, maleri og skulpturer. Skulpturane Mind
craft viser hennar store interesse for bygging med liner og kan vekke matematiske
tankerekker. Ein stad for tankane, for auga, å leika seg. Ein stad for ettertanke, tru og
håp.

 

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 97 19 00 23