Tinnhølvegen opnar fredag 30 juni Tinnhølvegen opnar for sesongen fredag 30 juni kl 09:00. Kortbetaling er mogleg i billettbua på Tråastølen, for årskort og enkelttur. Er du innbyggjar i Eidfjord og ynskjer årskort - må dette kjøpast i resepsjonen på kommunehuset. Publisert 28.06.2023 09.29 Sist endra 28.06.2023 14.47 Prisar Pr. tur kr. 200,- Årskort kr. 750,- Årskort innbyggjarar i Eidfjord kr. 350,- (kun i resepsjonen på kommunehuset) Forskrift om adferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølvegen Heimel: Fastsett av Eidfjord kommunestyre 15. mai 2023 med heimel i lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet (friluftsloven) § 15. Kort oppsummering av forskrifta: Det er ikkje lov å parkera på andre plassar enn Parkeringsplass på Tråastølen Parkeringsplass v/Bjoreidalstjørna Parkeringsplass i Bjoreidalen Parkeringsplass på Tinnhølen Det er forbod mot overnatting i motorvogn langs veg og på parkeringsplass Telting skal foregå minimum 200 meter frå Tinnhølvegen Telting skal foregå minimum 400 meter frå parkeringsplass på Tinnhølen» Les heile forskrifta her: Forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølvegen, Eidfjord kommune, Vestland - Lovdata Eige ansvar Tinnhølvegen er ein bomveg og er open i perioden fyrste fredag før 1 juli, til 1 oktober kvart år. Etter 1 oktober skjer eventuell ferdsel på eige ansvar.