TV-aksjonen 2023

TV-aksjonen NRK Redd Barna går til å hjelpa barn ramma av krig og konflikt. Saman kan me gje over 100 000 barn mogelegheit til å leika, læra og leva i fred.

I år går TV-aksjonen av stabelen sundag 22. oktober.

Kvart sjette barn i verda veks opp i krig og konflikt, og det har aldri vore så mange barn på flukt som no.

Redd Barna er tilstades der barna treng det, og bidreg til at barn, og dei som stiller opp for dei, får hjelpa dei treng. Det er dei frivillige og feltarbeidarane i nærmiljøet som er dei ekte heltane. Dei bidreg til at barna får ein tryggare barndom.

Difor går midlane til tiltak som gjer familiane, skulane og nærmiljøa tryggare for barn.

Saman skal me:

  • Hjelpa barn med å handtera vonde opplevingar, gje helsehjelp og riktig ernæring
  • Foreina barn og familiar som har kome bort frå kvarandre
  • Sikra trygg veg til og frå skulen og trygge klasserom der barna kan læra
  • Tilby barn trygge område i nærmiljøet der dei kan leika og le

Pengane skal fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, Den demokratiske republikken Kongo og Norge.

Du kan lesa meir om TV-aksjonen her:

TV-aksjonen NRK