Utrygg is

Statkraft ber deg om å vera forsiktig dersom du skal gå over islagte vatn.

Farleg is

Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Hardanger. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunellar.

Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin,
kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land vil sprekka. Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen.

Viser til NVE sitt iskart.no der du finn meir opplysningar om ulike områder.

Vel trygg rute

Vel trygg rute, respekter skilting og inngjerding. Områder med spesielt stor risiko blir inngjerda og merka. Statkraft markerer også trygge ruteval med merkestikker. Dette vil vera områder med fare for svak is eller hulrom under snø som skuldast temperert vatn eller sterke straumar i vassdraget. 

Sjå gjerne iskart.no for meir informasjon. 

NVE ber om at merka ruter vert følgt og vis respekt for inngjerding og skilting. Forholda kan endre seg raskt, så meld gjerne frå om usikre forhold.

Statkraft ynskjer alle ein god, lokal og trygg tur!

Les anonnsa til Statkraft om utrygg is (PDF, 2 MB)