Private avlaupsanlegg

Alle som har innlagt vatn i si bustad eller fritidsbustad skal ha ein godkjent avlaupsløysing.

Utsleppsløyve   

Før bygging av nytt avlaupsanlegg, eller oppgradering av gamalt anlegg kan setjast i gang skal det ligga føre:  

  • godkjent søknad om utsleppsløyve etter Forureiningsforskrifta  
  • godkjent byggjesøknad etter Plan- og bygningsloven    

Kven må ha utsleppsløyve?  

Alle utslepp av avlaupsvatn krev i utgangspunktet løyve. Søknadsplikten gjeld uansett avløpsløysing. Det skal såleis søkjast om løyve når avlaup går til tett tank.  

Utslepp som kunn inneheld gråvatn, treng berre løyve dersom eining som er kopla på utsleppet har innlagt vatn.  

Utslepp av sanitært avlaupsvatn som blei etablert før 2007 og som har løyve etter forureiningslova og tilhøyrande forskrifter er framleis lovlege jf. § 12-16 første ledd. Føresetnad er likevel at utsleppet ikkje aukast vesentleg eller at avlaupsanlegget endrast vesentleg. Kommunen kan i medhald av forureiningslova §18 oppheva eller endre vilkår i løyve jf. § 12-14.  

Når må du søkja om utsleppsløyve  

Det må søkjast om utsleppsløyve:  

  • før etablering av et nytt utslepp av avlaupsvatn, for eksempel i samband med bygging av ny bustad, eller ved innlegging av vatn i fritidsbustad.  
  • før vesentleg auking av utslepp, for eksempel om du innreier ein ny hybelleilegheit med eige bad eller toalett i huset.  
  • før man gjer endringar med det utvendige avlaupsanlegget. Eksemplar på dette er om ein har fått pålegg om å etablera nytt avlaupsanlegg, vil bytte ut den gamle septiktanken med eit moderne reinseanlegg eller flytte utsleppspunktet.  

Korleis søkjer man om utsleppsløyve  

Søknadsskjema og naudsynte vedlegg til utsleppssøknad finn du i kolonnen til høgre. Du kan søkje sjølv, men det skal leggast ved dokumentasjon frå fagkunnige. Du kan og få eit firma med tilstrekkeleg kompetanse til å søkje for deg.  

Nøytral fagkunnig  

For søknader om utslepp set forureiningsforskrifta krav til at dokumentasjonen for alle nye reinseløysingar skal gjevast av nøytrale fagkunnige. Ein nøytral fagkunnig er eit nøytralt uavhengig føretak med tilstrekkeleg hydrogeologisk og avlaupsteknisk fagkompetanse.  

Kravet er satt for at det prosjekterande føretaket, uavhengig av leverandør/produsent eller type reinseløysing, skal ha fokus på å etablera den reinseløysingen som er best eigna ut frå:  

  • naturgjevne forutsetningar  
  • miljø (reinsekrav)  
  • tiltakshavars behov  
  • andre brukarinteresser (drikkevasskjelder, badevatn, ...)  
  • økonomi  

Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om eit føretak er nøytral fagkunnig.  

Dimensjonerings standard  

Det finnes ingen felles standard eller norm som beskriver dimensjonerings grunnlag for mindre avlaupsløysingar. Dimensjonerings kriterium for de enkelte løysingane er midlertidig beskrive i VA/Miljø-Blada:  

Gebyr for sakshandsaming  

Kommunen tar gebyr for å dekke sine kostnadar til handsaming av søknaden. Det må betalast gebyr uavhengig av om søknaden blir godkjent eller ikkje. Kommunen sender faktura for gebyr når vedtak er gjort. Beløpets størrelse går fram av kommunens gebyrregulativ  

Ferdigmelding  

Når anlegget er ferdig bygga skal det sendast inn ferdigmelding. Først når ferdigmelding er motteken hos kommunen vil du ha eit lovleg utslepp og saken avsluttast. Anlegget vil ikkje bli tøymt gjennom kommunal tømmeordning før ferdigmelding er sendt til kommunen.   

Anleggseigars plikt  

Reinseanlegget skal dimensjonerast, byggast, drivast og vedlikehaldas slik at det har tilstrekkeleg yteevne under alle klimatiske forhold som er normale for staden der det ligger.   

Minireinseanlegg skal drives og vedlikehaldas som beskrive i skriftleg drifts- og vedlikehaldsavtale. Slamavskiljar tilknytt heilårsbustad eller fritidsbustad skal tømmast heilt for slam etter behov, ikkje sjeldnare enn kvart andre og fjerde år.  

Som anleggseigar må du:  

  • Sette deg inn i utsleppsløyvet frå kommunen. Her er det relevant informasjon og vilkår som gjeld for ditt anlegg  
  • Ha kjennskap til og sørge for at anlegget driftast og vedlikehaldas slik at det fungerer ordentleg  
  • Gi tømmefirma og servicefirma tilgang til anlegget  
  • Sørge for at tømming og service blir utført regelmessig  
  • Følge opp ev. tilbakemeldingar frå tømmefirma, servicepersonell eller kommunen  
  • Sikre alle lokk på en tilfredsstillande måte  
  • Overføre rettigheiter og plikter til ny eigar ved sal av eigendom  
  • Sørge for å ha relevant dokumentasjon om anlegget ved tilsyn frå kommunen  
  • Sørge for skriftleg og tinglyst avtale for fellesanlegg og anlegg på annan manns grunn  

Vedlikehald av avlaupsanlegg  

Innsatsen til anleggseigar er viktig. Når reinseanlegget er satt i drift, er det du som eigar som har ansvaret for at det reinsar som det skal. Du må derfor ha kunnskap om korleis anlegget fungerer og sørge for drift og vedlikehald. Alle anleggseigare bør ha ein serviceavtale med ein fagkunnig som sørger for at det fungerer tilfredsstillande. For minireinseanlegg er det krav om ein slik avtale.  

Tilsyn med private avlaupsanlegg  

Kommunen er forureiningsmynde etter kapittel 12 og 13 i forureiningsforskrifta, og fører tilsyn med at avgjerd og vedtak fatta i medhald av dette kapittel følges. Du blir varsla før kommunen kommer på tilsyn  

Hjelpsame lenker:  

Sentrale lover  

Sentrale forskrifter  

Nettsider og rettleiarar om mindre avlaupsanlegg:  

Skjema