Kvifor nytt reinseanlegg i Sysendalen?

Grunna auke i tal einingar i Sysendalen, er eksisterande anlegg underdimensjonerte. Kommunen må etablera nytt reinseanlegg for å stetta reinsekrav frå Statsforvaltaren i Vestland, i ljos av forureiningslova.

Med grunnlag i veksten i tal hytter i Sysendalen har ein passert forureiningslova si grense for når kommunen er forureiningsmynde og når Statsforvaltaren overtar forureiningsmynden. Auka utsleppsmengd gjer at reinsekrava også vert skjerpa. Det inneber at Statsforvalteren no er forureningsmyndigheit i Sysendalen og at Eidfjord kommune må søkja Statsforvaltaren om utsleppsløyve. Den auka utsleppsmengda gjer at reinsekrava også vert skjerpa (frå tidlegare å måtte oppfylle reinsekrav i forureiningsforskrifta kapittel 13 til no å måtte oppfylle reglane i kapittel 14).

Tilsyn

I 2021 vart det gjennomført tilsyn på reinseanlegga i avlaupsområde Sysendalen. Tilsynet synte at dei eksisterande anlegga var overbelasta, og ikkje oppfylte reinsekrava i lovverket. I ljos av dette starta kommunen arbeidet med planlegging av eit nytt reinseanlegg for å imøtekomma krav frå Statsforvaltaren.  Føremålet med planen er å regulera areal for etablering av eit reinseanlegg som stettar krava i forureiningsforskrifta og framtidig utsleppsløyve.  Planen legg til rette for å regulera eit areal kor kommunen kan byggja eit reinseanlegg med kapasitet til å handtera maksimal utbygging i Sysendalen (estimert til 13 300 personekvivalentar, inkl. Eidfjord Resort.). Parallelt med planarbeidet har kommunen søkt Statsforvaltaren om nytt utsleppsløyve til nytt reinseanlegg. Det er gjeve løyve til utslepp av 8000 PE, basert på dagen utbygging.  Ein personekvivalent tilsvarer utsleppet frå ein person i eit døgn.  Anlegget skal ved behov kunna opna for framtidige utvidingar.

Sweco har utarbeida ein rapport for plassering på Gommakvilet
Rapport frå Sweco - Sysendalen reinseanlegg (PDF, 1010 kB)

Grunnlagsvurderingar

Kommunen har i prosessen gjort store utgreiingar knytt til ulike plasseringar. for nytt reinseanlegg Ein kan sjå utgreiingane her:

Rapportvedlegg:

Sluttrapport - Sysendalen (PDF, 9 MB) 
PR1 Resipientvurdering (PDF, 2 MB)
PR2 Dimensjoneringsgrunnlag (PDF, 2 MB)
PR3 Planfagleg vurdering av tomter (PDF, 12 MB)
PR3 Planfagleg vurdering av tomter - Tilleggsrapport (PDF, 3 MB)
PR4 Val av reinseprosess (PDF, 635 kB)
PR5 Oppsamlings- og overføringssystem (PDF, 4 MB)

Profilvedlegg:

Bjoreio til Liseth RA (PDF, 807 kB)
Gjermund Høls veg til Lisetkrysset (PDF, 827 kB)
Maurset til Garen (PDF, 2 MB)
Eidfjord Resort til Rv.7 (PDF, 2 MB)
Riksveg 7 gjennom Sysendalen (PDF, 2 MB)
Utslippsleidning Fossatromme (PDF, 697 kB)
Overføringsleidning Sysendalen - Øvre Eidfjord (PDF, 2 MB)
Utslippsleidning frå Bygger`n (PDF, 838 kB)
Profil langs Rv.7 sør for Eidfjordvatnet (PDF, 751 kB)
Overføring Eidfjordvatnet (PDF, 2 MB)

Kartvedlegg:

Lokalitetar reinseanlegg (PDF, 3 MB)
Kart - avløp soner og hytter i Sysendalen (PDF, 2 MB)
Kart - nytt leidninganlegg i Eidfjord Sentrum (PDF, 2 MB)
Kart - nytt leidninganlegg i Sysendalen (PDF, 2 MB)

Andre vedlegg:

Notat frå SSV om Lisetkrysset (PDF, 457 kB)
Analyse av gebyrutvikling i Sysendalen (PDF, 326 kB)