Vegvedlikehald

Vegvedlikehald

Kommunalteknisk drift (KTD) har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Vintervedlikehaldet/brøyting er sett bort til private firma.

Manglar med vedlikehald kan meldast til kontaktpersonen på sida eller til sentralbordet til Eidfjord Kommune.

Kven gjennomfører vedlikehaldet?

  • Sysendalen: Hardangervidda Hytteservice
  • Nedre Eidfjord, Øvre Eidfjord, Kvamsdalsvegen og Erdalsvegen: Hereid Maskin
  • Buvegen: Arvid Hellevang

KTD tek seg av kosting og strøing av fortau og sykkelvegar. Vedlikehaldet av grusvegar om sommaren vert utført av forskjellige private firma.

Bompengevegen til Tinnhølen er det KTD som har ansvaret for, og vert normalt opna 1. juli kvart år. Etter 1. oktober er eventuell ferdsel på eige ansvar.

Kva er ditt ansvar?
Eig eller disponerar du ein eigedom med avkøyring til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å syta for fri sikt ved di avkøyring.

Opningstider

Måndag - fredag
10.00 - 14.00

Sentralbord
10.00 - 14.00