Retningslinjer for valperioden

Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verna om naturmiljøet og å auka trivselen.

I hovudsak har bruk av motorkøyretøy til offentleg godtekne nytteformål (til dømes redningsteneste, utmarksnæring og faste bustader) direkte heimel i lova, mens for ferdsel til andre formål må du ha løyve frå kommunen. Merk at det ikkje er høve til å gje løyve til turkøyring i Eidfjord kommune.

Administrasjonen i Eidfjord kommune førebur saker for handsaming og saker vert behandla etter kva vedtaksmynde det er delegert til i Eidfjord kommune sitt delegeringsreglement

Transport innanfor Hardangervidda nasjonalpark sin grense, må ha løyve til transport etter vernereglane. Det er Tilsynsutvalet i Vestland som behandlar søknaden, sekretær for utvalet er lokalisert i Ullensvang.
 

Artikkelliste