Søknadskjema for rettleiing og kompetanseheving
Stønad til kompetanseheving, rettleiing og kurs for etablerarar og næringdrivande gjennom Næringshagen i Hardanger
Formål
Rettleiing og kompetanseheving for grundere, etablerer og næringsdrivande for å utvikle berekraftige, levedyktige og konkurransedyktige bedrifter i Eidfjord.
Rettleiinga skal ta utgangspunkt i den enkelte etablerer/næringsdrivande sine forutsetningar og behov. Bedrifta skal få rettleiing til å sjølv tileigne seg den naudsynte kompetansen for å verta ei berekraftig, levedyktig og konkurransedyktig bedrift.
Næringshagen har tilgang til erfaringar i eit stort nettverk i verkemiddelapparatet samt til Noregs største finansieringsportal. Her kan òg nemnast; Næringshagane i Norge med 4-5000 medlemmar, forsking- og utviklings institusjonar og katapultsystemet. Ved behov vil etablerar/næringsdrivande få tilgang til kompetanse frå aktuelle verkemiddelapparat.
Arbeidsmøte skal hovudsakeleg skje i Eidfjord (utanom evt. deltaking på Grunderakademiet som vert lagt ulike stadar i Hardanger).
Tenesteskildring
Rettleiinga inneber informasjon og rådgjeving rundt leiing, organisering og planlegging av aktivitetar for eige verksemd.
Rettleiinga skal ha kundefokus og kan innehelda ulike fagområder t.d. forretningsidé, kommunikasjon gjennom marknadsføring, medierådgjeving, økonomi, budsjettering/finansiering mm.
Omfang
Inntil 20 timer konsulentrettleiing og tre timar rettleiing ved rekneskapsbyrå. Dersom etablerar/næringsdrivande har trong utover dette timetallet må dette avklarast med Eidfjord kommune gjennom ny søknad.
Søknadprosess
Etablerar/næringsdrivande må søkja Eidfjord kommune om stønad til kompetanseheving. Etter positivt vedtak i Eidfjord kommune tek etablerar/næringsdrivande kontakt med Næringshagen i Hardanger og avtalar møte. Vedtaket frå Eidfjord kommune må visast fram som dokumentasjon på rett til rettleiing.
Etablerar/næringsdrivar kan søkja Eidfjord kommune om tilskot til kurs i regi av Næringshagen i Hardanger. Tilskot vert utbetalt ved framlegging av kursbevis.