Detaljregulering MaursetparkenVarsel om høyring og offtentleg ettersyn endring etter forenkla prosess detaljregulering Maursetparken gnr. 17 bnr. 207 og 208 Publisert 13.02.2024 13.13 Sist endra 13.02.2024 15.24 Med heimel i plan- og bygningslova §12-14 leggjar Eidfjord kommune ei mindre endring av reguleringsplan Maursetparken, gnr. 17 bnr. 207 og 208 (planid: 2018002) ut på høyring og til offentleg ettersyn. Reguleringsendringa vil skje etter forenkla planprosess jf. Pbl. §12-14.Føremål og planprosesFøremålet med planarbeidet er å korrigera grad av utnytting i planmateriellet, i ljos av endra tolkingsuttale frå Kommunal- og distriktsdepartementet knytt til berekning av parkeringsareal i grad av utnytting. Endringa har ingen konsekvens for den fysiske utbygginga av planen, berre teoretisk i reguleringsplanen. Høyring og offentleg ettersyn av planforslagI tråd med §12-14 vert forslaget lagt på høyring og til offentleg ettersyn i tre (3) veker. Vedteken reguleringsplan, samt forslag til endring er tilgjengeleg under «planbehandlinger» via https://www.arealplaner.no/eidfjord4619/arealplaner/133. HøyringsfristFrist for merknader til høyringa er 04.03.2024.Merknad skal merkast med sak 23/1592 «Endring av plan – Maursetparken».Merknader kan sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord