Kunngjering - Melding om vedtak av reguleringsendring for Blurnes - Gnr. 25, bnr. 18Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vart Reguleringsendring for Blurnes – gnr. 25, bnr. 18 (planid 2020001) vedteken i Eidfjord kommunestyre 04.03.22, sak 22/012. Publisert09.03.2022 18.24 Sist endra09.03.2022 18.29 Planen legg til rette for bygging av bustad og naust, og legg i tillegg opp til friområde. Alle plandokument er tilgjengelege i kommunen sitt planregister. (planid 2020001) Rett til å klaga på vedtaket Du har rett til å klaga på vedtaket jf. pbl. § 1-9. Frist for å klaga på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 satt til 3 veker. Eventuelle klagar sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord. Merk sendinga med saksnr 20/488