Eidfjord Kommune

Høyring og offentleg ettersyn

Høyring og offentleg ettersyn

Det er eit grunnleggande demokratisk prinsipp at den som særleg vert råka av ein offentleg beslutning, skal høyast. Høyring er prosessa der den offentlege instansa ber råka parter i saka om ein skriftleg uttale, før det fattast ein avgjernad. 

I kommunane er høyring av reguleringsplanar, bebyggelsesplanar og kommuneplanar, lovregulert i forvaltningslovas § 16 og i plan- og bygningslova §§ 27 og 28. I tillegg kan høyringar gjennomføres uten særskild lovheimel både etter politisk og administrativt initiativ.

Kven kan delta?
I lovpålagde høringar opplysast det om kven som er formelle høyringsinstansar/parter. Dersom høyringa ikkje er lovpålagd, er den i utgangspunktet åpen for alle. Spesielt råka parter kan oppfordres til å delta.

Kvar finn eg det som høyrast?
På denne sida finn du alle typer høyringar som til einkvar tid er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsdokumenta ligg til høyringsfrista har utløpt. 

Melding om vedtak:
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd vert ei mindre endring av
Detaljregulering for Midtbø (planID: 2013005) vedteke etter forenkla prosess i
Eidfjord formannskap 01.03.23, sak 23/035.

Eidfjord kommune har utarbeida eit forslag til endring av § 2 i Forskrift for motorferdsel i utmark og på vassdrag, Eidfjord kommune, Hordaland. Paragrafen regulerer ferdsel på vatn og vassdrag i Eidfjord kommune. 

Frist for å gje innspel er 3. april 2023.

Forslag til Forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølvegen i Eidfjord kommune.

Frist for å kome med innspel er 03.04.2023.

Endring av reguleringsplan for Tverrlihaugen er avslege.

Kunngjering - Vedtak av detaljreguleringsplan for Maursetparken

Melding om vedtak - Endring av detaljplan for Fet etter forenkla prosess

Med heimel i plan- og bygningslova §§4-1 og 11-13 er kommuneplanen sin arealdel sitt planprogram vedteke av Eidfjord kommunestyre i møte 17.10.2022.