Høyring av forslag til ny parkeringsforskrift TinnhølenEidfjord kommune skal revidera “Forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølvegen” i Eidfjord kommune og har derfor utarbeida forslag til ny.Frist for å koma med innspel er 31. mars 2024. Publisert 02.02.2024 09.33 Sist endra 02.02.2024 11.23 Om forskriftaParkeringsforskrifta regulerar hovudsakleg parkering og overnatting frå og med Tråastølen til og med parkeringsplassen på Tinnhølen. Forslag til ny forskrift vert no lagt på høyring. Etter endeleg vedtak vert den nye innført og den som er gjeldande no vert oppheva.Forskrifta er ei oppfylgjing av vedteken reguleringsplan for området, Tinnhølvegen med damområdet, planid. 2009002. Eidfjord formannskap vedtok i møte 22.01.24, sak 24/005, å leggja forskrifta ut på høyring. DokumentSaksframlegg - Revidering av Parkeringsforskrift for Tinnhølen_ (PDF, 936 kB)Høyringsforslag - Forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølen (PDF, 154 kB)Oversikt over endringar (PDF, 363 kB)Kartutsnitt_248056_1_A_ (PDF, 373 kB) HøyringsfristForslaget skal liggja på høyring i to månadar. I høyringsperioden er det ope for at alle som ynskjer det kan koma med innspel.Innspel skal sendast skriftleg til postmottak@eidfjord.kommune.no eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord. Frist for å koma med innspel er 31. mars 2024.