Informasjon om flaumsikring på Lægreidsflata - forprosjektrapport

Informasjon om igangsatt prosjekt for å etablere sikringstiltak mot flaum på Lægreidsflata

Det har i lang tid vore eit problem med flaum og flaumfare på Lægreid. Lægreidsflata har vore råka av sørpeskred i kombinasjon med flaum frå dei bratte bekkane langs vestsida av dalen i fleire tiår. 
I kombinasjon med mykje snø og tele her, klarer ein ikkje handtere vatnet i nedbørs- og mildversperiodar utan fare for skader. 
Kommunen har gjennomført fleire avbøtande tiltak over tid. NVE har over lang tid arbeida med å planlegge sikringstiltak for å redusere konsekvensene etter flaum og sørpeskred.

Forprosjekt

NVE har no engasjert Norconsult for å prosjektere ei løysing for heilskapleg sikring av Lægreidsflata. Den innleiande forprosjekt-fasen er no fullført og Norconsult har utarbeida ein rapport der ulike sikringstiltak vert vurdert opp mot kvarandre. Basert på dette er det gitt ei tilråing av kva løysing ein skal gå vidare med til detaljprosjektering. 
 

Rapport

Rapport med vedlegg finn du her:
Rapport - Flaumsikring Lægreidsflaten, Eidfjord (PDF, 12 MB)
Vedlegg 1 - Flausonekart (PDF, 32 MB)
Vedlegg 2 - Rapport - Geotekniske grunnundersøkelsar (PDF, 2 MB)
Vedlegg 3 - Rapport - Vurdering av områdeskredfare (PDF, 12 MB)
Vedlegg 4 - Oversiktsplan Lusadalen (PDF, 335 kB)
Vedlegg 5 - Innspel til YM-plan (PDF, 3 MB)
 

Kontakt

Rebecka Friis
Avdelingsleiar Forvaltning
E-post
Telefon 53 67 36 64
Mobil 41 84 96 48
Magnus Steigedal
Rådmann
E-post
Telefon 93 64 44 42
Mobil 93 64 44 42