Varsel om oppstart av detaljregulering av Kjerøyna gbnr. 5/237

Bakgrunn for planoppstart er vedtak i Eidfjord formannskap 17.06.2020 sak 20/081. 
Det vart med grunnlag i same sak varsla planoppstart attende i 2020. Ettersom prosjektet stoppa opp undervegs, vert no planoppstart varsla på nytt. 

Føremålet med planarbeidet

Område BKB2 i Områdeplan Menes-Lægreid-Vik (planID: 2013001) har krav om detaljregulering før tiltak i området.

Området er i dag regulert til næring, tenesteyting og bensinstasjon. Planarbeidet har som føremål å utvikla Kjerøyna til areal for servicefunksjonar i tilknyting til sentrum.  Det er ynskje om å etablera mellom anna parkering for bil og buss, ladestasjonar, søppelhandtering, toalett, bubiltømming og gang- og sykkelveg gjennom området. 

Kartutsnitt - plangrense detaljregulering Kjerøyna (PDF, 228 kB)
Grunnkart - plangrense detaljregulering Kjerøyna (PDF, 192 kB)
Ortofoto - plangrense detaljregulering Kjerøyna (PDF, 391 kB)

Innspel til planoppstart

Ved innspel til planoppstart skal dette gjevast innan frist 10.11.2023. Innspel skal merkast med sak 20/353. 
Innspel kan sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Kontakt

Sentralbord
Sentralbord
E-post
Telefon 53 67 35 00
Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 48 35 75 52