Kommuneplan

Kommuneplanen er det overordna politiske styringsdokumentet for Eidfjord kommune. Ein kommuneplan er samansett av ein arealdel og ein samfunnsdel.

Kommuneplanen er ein langtidsplan og eit handlingsprogram som setter rammene for kommunen si utvikling og bruk av arealer. Kommunen er lovpålagt gjennom plan- og bygningslova å driva løypande kommuneplanlegging med føremål å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utveklinga i kommunen. Planen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgaver. Planen er delt i ein samfunnsdel og ein arealdel.

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2015-2027

Kommunen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap, samt kommunen som organisasjon. Planen skal gje retningsliner for korleis kommunens eigne mål og strategiar skal gjennomføras, og sikra berekraftig utvekling for verksemd i offentleg og privat sektor. Kommuneplanens sin samfunnsdel har ein handlingsdel som kan inngå i kommunen sin økonomiplan.

Eidfjord kommune har fylgjande tre hovudsatsingsområder i kommuneplanen for 2015-2027:

  • Bukommunen Eidfjord
  • Opplevings- og besøkskommunen 
  • Arbeidskommunen 

Les fullverdig versjon:

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2015-2027

Kommuneplanen sin arealdel 2008-2020

Arealdelen skal syna samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Arealdelen omfattar plankart, føresegner og planomtale, og gjer me dette hovudtrekka i arealdisponeringa. Dokumenta i arealdelen fortel korleis nasjonale mål og retningsliner, og overordna planar for arealbruk vert ivaretatt. 

Kommuneplanen sin arealdel i kart

Kommuneplanen sin arealdel på arealplaner.no

Kommunedelplan for Sysendalen

For utvalde områder med særegne faktorar, utarbeidas det ofte egne kommunedelplanar for området. I Eidfjord har kommunen laga ein egen kommunedelplan for Sysendalen som har fokus på utveklinga av dalføret. Denne tek opp området på eit overordna nivå, og synar framtidig arealdisponering i planområdet, samt rammer, føresetnader og omsyn ved nye tiltak og arealbruk. 

Kommunedelplan for Sysendalen i kartet

Kommunedelplan for Sysendalen på arealplaner.no