Innspel til kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen er ein plan som gjeld for heile kommunen, og syner framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Planen vil syna ulike farger for ulike områder, dette vil sei noko om kva ein kan utvikla i området.

Innspel

Frå 1. oktober 2022 til 31. mars 2023 har kommunen opna for å gje innspel til kommuneplanen gjennom folkemøter, temamøter og innsending av innspel. Vinduet for innspel er no lukka, og me påbegynnar arbeidet med å sila elementer og tema me skal arbeida vidare med i planarbeidet.

Me skal utarbeida planen gjennom sommar-haust 2023, og vonar eit forslag lagt på høyring rundt nyåret 2024.

Kva skjer med innspela som er gjeve?

Alle arealinnspel vert vurdert av prosjektleiinga. Me forventa å få mykje innspel, og vil vera nødt til å sila. Planprogrammet (PDF, 3 MB)har lagt føringar for kva me vil prioritera i silingsprosessen. Videre blir det valgt ut nokre tema som me vil arbeida vidare med. 

Me gjer oppmerksom på at etter plan- og bygninglova har ikkje kommunen plikt til å informera forslagsstillare om korleis deira innspel vert behandla undervegs i planprosessen. Det er heller ikkje klagerett på ein vedteken kommuneplan. Prosjektleiinga vil undervegs i prosessen orientera kommunestyret, og i samband med dette gje statusmeldingar på heimesida.

Viss arealinnspelet er i strid med kommunens målsetnader, nasjonale eller regionale føringar, kan forslaget bli avvist. Manglande behov for arealbruken, kan også vera grunn til at innspelet ikkje vert prioritert.

Regionale og nasjonale mynder kan fremja innsigelser til arealendringar ynskt av kommunen ved høyring av planforslaget. Arealinnspel som tas inn i kommuneplanen ved 1. eller 2. gongs høyring vil først vera endeleg avklart når kommunestyret vedtar planen rundt haust 2024.

Når ny kommuneplan er vedteken, vil alle konkrete innspel som er teke inn i planen få attendemelding.

Artikkelliste