Kva er arealdelen og kvifor rullera?

Høyres "rullering av kommuneplanen sin arealdel" gresk ut? Les vidare, kanskje det vert mindre gresk?

Eidfjord kommunestyre vedtok 03.06.2021 at arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel skulle starta opp. Dagens gjeldande arealdel av kommuneplanen har eit tidsperspektiv frå 2008 til 2020. Det var difor på høg tid å i gangsetta arbeid med nytt planverk. 

Kva er arealdelen?

Store Norske Leksikon syner til kommuneplanen som 

"Kommuneplanen er ein langtidsplan og eit handlingsprogram for kommunens arealer og utveklinga i kommunen. I henhald til plan- og bygningslova skal alle kommunar driva en løypande kommuneplanlegging med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utveklinga i kommunen."

Kommuneplanen er så delt i ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som ein heilskap. Planen skal settja retningsliner for verksemd i kommunen, både for offentleg og private. Ein kan seia at samfunnsdelen av kommuneplanen er teorien for arealdelen.

Arealdelen har som føremål å visa den framtidige samfunnsutveklinga i kommunen gjennom definert arealbruk. Planen skal visa hovudtrekka i ynksja arealdisponering på eit overordna nivå. Det gjer ei peikepinn på kvar utveklinga skal gå.

Kommuneplanen sin arealdel er sett sama av:

  • Eit plankart som synar dei ulike arealføremåla
  • Eit sett planføresegner som gir nærare vilkår om arealbruk, utforming av bygnader, miljøkrav, parkering mm.
  • Ei planskildring som syner planen sine føremål, hovudinnhald og verknader

Kommuneplanen sin arealdel sitt på toppen av planleggjar-hierarkiet, og legg føringar for seinare reguleringsplanar, byggjesak og tiltak.

Kvifor rullera?

Bakgrunnen for kommunens behov for rulleringa av arealdelen er fleirdelt. Dermed vert fleire tema aktuelle i planarbeidet.

  • Tema nemnd i kommunen sin planstrategi:
    • Hardangerviddatunnelane
    • Arealbruk i Simadal
    • Arealbruk i Sysendalen
    • Ytre Bu. Grensejusteringa mellom Ullensvang og Eidfjord kommunar vart gjennomført ved årsskifte 2021-2022.
    • Tussafoten og påverknad på Øvre Eidfjord

I tillegg har sakshandsaminga i plan-, dele- og byggjesaker synt behov for mellom anna å sjå på:

  • Klårgjering av reglar for tiltak i stølsbol
  • Retta feil i arealføremål i heile kommunen, særleg LNF-føremål
  • Retta feil og uklårheiter i føresegner
  • Tilhøvet mellom omsynssonene kring Veig (verna vassdrag) og opning for tiltak langs elva i Øvre Eidfjord
  • Føresegner knytt til omsynssonene for kulturminne på Hæreidsterrassen og verneområda for Hardangervidda nasjonalpark og Hardangerjøkulen og Skaupsjøen landskapsvernområde.

Frå oppstart av prosessen har me gjennomført folkemøter, temamøter og hatt bred medverknad gjennom ein seks måneder lang innspelsperiode. Punkta kan du lesa meir opp i førre meny.

Kontakt

Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 48 35 75 52

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00