Fritidsklubben informerer

Frå januar 2024 vert det endra opningstider på fritidsklubben, samstundes ynskjer me 7. klasse velkomen.  

Velkomen til 7. klasse

Onsdag, 3.januar, ynskjer me 7. klasse velkomen på klubben! Då vil dei kunna vera der åleina frå 18-19. Me vil ha ein liten gjennomgang av reglar og diverse. Klubben er open som normalt frå 19-21.

Ny opningstider

Det er nokre endringar som trer i kraft no i det nye året. Me vil no ha ope:

  • onsdagar (18-21)
  • fredag i partalsveker (19-23)
  • måndag i oddetalsveker (18-20)

Som de ser,  har me ein ny opningsdag, måndag, annakvar veke. I tillegg vil me no alltid ha to vaksne som er saman som vakt på klubben.

Meiropen klubb

Elles har me no opna opp for at ungdom frå 10. klasse og opp til 18 år kan låsa seg inn på klubben med ei eigen nøkkelbrikka. Dette gjeld frå måndag-torsdag, kl.: 15-23. Ta kontakt med Kari Lægreid dersom de lurar på no noko.

Om fritidsklubben

Kontakt

Kari Lægreid
Førebyggingskoordinator
E-post
Mobil 95 10 22 55

Opningstider

Måndag (oddetallsveker)
18:00 - 20:00

Onsdag
18.00 - 21.00 

Fredag (partallsveker)
19.00 - 23.00 

Fritidsklubben fylgjer skuleruta og held stengt sommar, jul- og påskeferie.