Utleigebustader - eit viktig bidrag til lokalsamfunnsutvikling

Tilgang på utleigebustader er avgjerande for distriktskommunar om Eidfjord som vil trekkja til seg arbeidskraft. Anten det er sesongarbeidarar, flyktningar, nytilflyttarar eller fagfolk innan privat eller offentleg sektor – ein stad å bu kan vera skilnaden mellom at dei busetja seg i Eidfjord eller må sjå seg om etter andre stadar.

Mangel på bustadar

KS peikar på at: «Mangelen på bustader i distrikta er ei av dei største hindringane for å rekruttera nødvendig arbeidskraft.» NHO understrekar også at: «For næringslivet i distrikta er det heilt avgjerande at arbeidstakarar har moglegheit til å busetja seg.»

Både kommunen og privat næringsliv har for tida stor trong for bustader, og mangelen på tilgang til utleigeeiningar gjer at fleire som ønskjer å busetja seg i Eidfjord må takka nei til jobbtilbod. Me treng fleire bustader for å kunna ta imot nye innbyggjarar, sikre arbeidskraft og skapa vekst og trivsel i lokalsamfunnet! Ved å leiga ut bidreg du altså ikkje berre til eige hus og heim for nye sambygdingar – du gjer òg ein viktig innsats for utviklinga av bygda vår. Har du ein ledig bustad, hybel, sokkeletasje eller leilegheit? Ta kontakt med kommunen!

Tilskotsordning

Oppgradering av utleigebustad

Eidfjord kommune har òg ein tilskotsordning for deg som har eigedom som per i dag ikkje er eigna til utleige.  Det er satt av 2 millionar kroner  til tilskot for oppgradering av utleigebustadar. Ordninga skal gjera det enklare for innbyggjarar å rusta opp eksisterande bustadeiningar og leggja til rette for ny, varig utleige. Meir info finn på Reglar for tilskot til oppgradering av utleigebustadar 

Bygging av utleigebustadar

Eidfjord kommune har i tillegg ein anna tilskotsordning for deg som har byggjeplanar – anten om du er utbyggjar eller privatperson. Meir info om denne ordninga finn ein på Raglar for tilskot til bygging av utleigebustadar

Tilskot til tomt og bygging av bustad

Eidfjord kommune har også fleire gode ordningar for dei som vil byggja eigen bustad i Eidfjord. 

Reglar for tildeling av kommunal bustadtomt

Reglar for kommunal bustadlån

Reglar for tilskot til bygging av heilårsbustad

Har du spørsmål eller treng råd i samband med søknadar på desse ordningane, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med kommunen.