Endra ein plan

Hovudregelen er at endring av ein plan fylgjer den same prosessen som for utarbeiding av ny plan, jf. pbl. § 12-14 fyrste ledd. Grunngjevinga for dette, er at verknaden av å endra ein plan kan vera like stor som konsekvensane av ein ny plan. For å fremja endring av plan, må det utarbeidas eit planinitiativ.

Kva er eit planinitiativ?

Når ein privat aktør ynskjer å endra eller produsera ein ny reguleringsplan, vil dei måtta laga eit planinitiativ som fortell kva føremålet med planen er, innhald og verknader av planen. Dette skal presenteras for planmynden i eit oppstartsmøte, kor kommunen skal ta stilling til planinitiativet som heilskap. 

Andre ofte stilte spørsmål i samband med nye reguleringsplanar kan sjekkas her.

Planinitiativet skal i naudsynt grad omtala premissa for det vidare planarbeidet, og redegjøre for fylgjande, jf. pbl. 12-8:

  • Føremål med planen
  • Planområdet og om planarbeidet vil få verknader utanfor planområdet
  • Planlagt bebygnad, anlegg og andre tiltak
  • Utbyggingsvolum og byggehøgder
  • Funksjonell og miljømessig kvalitet
  • Tiltakets verknad på, og tilpassing til, landskap og omgjevnader
  • Forholdet til kommuneplan, eventuelle gjeldande reguleringsplanar og retningsliner, og pågåande planarbeid
  • Vesentlege interesser som rørs av planinitiativet
  • Korleis samfunnssikkerheit skal ivaretas, mellom anna gjennom å forebyggja risiko og sårbarheit
  • Kva for nokre rørte offentlege organar og andre interesserte som skal varslas om planoppstart
  • Prosessar for samarbeid og medverknad frå berørte fagmynder, grunneigare, festere, naboer og andre rørte
  • Vurderingen av om planen er omfatta av forskritft om konsekvensutredninger, og korleis krava i tilfelle vil bli ivareteke 

 

Vedlegget under synar kommunen sin sjekklista for vurdering av planinitiativ, ein grei rettleiiar:

Sjekkliste for vurdering av planinitiativ (PDF, 93 kB)

 

Ferdig utarbeida planinitiativ

Ved utarbeida planinitiativ kan ein bestilla eit oppstartsmøte med kommunen. Her vil de få moglegheit til å presentera planinitiativet, og kommunen vil gjera ei tilråing i samband med presentert materiell. Her krevjer kommunen SOSI-fil av planavgrensinga for planendringen. 

Tinging av oppstartsmøte

Ofte stilte spørsmål om oppstartsmøte:

 

Innsending av reguleringsplanforslag

Dersom kommunen tilrår oppstart av planarbeidet, vil me i samband med motteke reguleringsplanforslag nytta fylgjande sjekklista som kravspesifikasjon. All formell innsending av planmateriell skal skje til e-post: postmottak@eidfjord.kommune.no. 

Kravspesifikasjon med sjekkliste for reguleringsplanforslag (PDF, 319 kB)

 

Mindre endringar av ein plan

Plan- og bygningsloven omtalar i § 12-14 endring og oppheving av reguleringsplan. Ei mindre endring, vil i mange tilfeller kunna handsamast etter forenkla reglar, og utgjera ein kortare prosess rundt høyring, medverknad og utgreiinger. Dette forutsett at endringa i reguleringsplanen i inga eller i liten grad vil påverka gjennomføringa av den eksisterande planen, ikkje gå utover hovudrammene i planen, og heller ikkje røra med omsynet til viktige natur- og friluftsområder. 

Vurderinga av kva som fell innafor og ikkje i denne definisjonen, må av kommunen vurderas konkret i kvar enkelt sak. Til dømes vil tiltak i strid med viktige nasjonale eller regionale interesser som kan gje grunnlag for motsegn , ikkje vera aktuelt å handsamast etter forenkla prosess. Om endringa får vesentlege konsekvenser for andre saker, er dette også eit grunnlag for å nytta full prosess, for å sjå saka i ein større samanheng.

Om ei endring kan handsamast etter forenkla prosess, vert i dei fleste tilfeller verta fastlagt i oppstartsmøtet.

Sjekkliste for mindre endring (DOCX, 44 kB)

 

Gebyr reguleringssaker

Reguleringsarbeid har gebyrsatsar jf. plan- og bygningslova §33-1.

Gebyr for reguleringssaker

Kontakt

Rebecka Friis
Avdelingsleiar Forvaltning
E-post
Telefon 53 67 36 64
Mobil 41 84 96 48
Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 48 35 75 52

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00