Deling av eigedomDeling av eigedom er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. Dersom det vert gjeve løyve, må det gjennomførast ei oppmålingsforretning, der den nye eigedomen vert merka og målt. Resultatet av oppmålingsforretninga vert ført inn i matrikkelen som er Norges offisielle eigedomsregister. Etter at eigedomen er ført i matrikkelen, blir den sendt vidare til tinglysing. Fyrst når eigedomen er tinglyst er eigedomen å rekna som oppretta. Ei delesak vert alltid avslutta ved å senda ut matrikkelbrev til partane. Partane lyt sjølv skriva skøyte og tinglysa dette etter at eigedomen er oppretta og matrikkelbrevet er mottatt. Kva søknadsskjema må eg senda inn? Du kan nytta sentrale søknadsskjema: Rekvisisjon om oppmålingsforretning/matrikulering (PDF, 366 kB) Søknad om deling Vedlegg som må fylgja alle søknadar Situasjonskart Eit eller fleire situasjonskart som syner eksisterande eigedomsgrenser, i tillegg til omsøkt deling (nye grenser), planlagt tilkomst, planlagt parkering og eventuell ny avkjøring. Du kan bestilla situasjonplan hjå kommunen, eller du kan skriva ut situasjonplan frå kartløysinga til kommunen Dokumentasjon på nabovarsling Erklæring om rett i fast eigedom Dokumentasjon for at naudsynte rettar i fast eigedom er sikra for den nye eigedomen. Dette gjeld rettar knytt til vassforsyning, avlaup og adkomst, jf. plan- og bygningslova §§ 27-1, 27-2 og 27-4. Merk at det også kan vera andre krav i gjeldande reguleringsplan. Kommunen vil oppbevara erklæringa, og syta for tinglysing saman med melding til tinglysing når eigedomen vert oppretta. Vedlegg som må fylgja i enkelte saker Dispensasjon Dersom søknaden ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan, eller der det om søkte tiltaket ligg i 100 meters beltet til sjø eller vassdrag, må det liggja ved ein søknad om dispensasjon. Urådighetserklæring Dersom nokon har ein urådighet på eigedomen som skal frådelast, må det leggjast ved ein urådighetserklæring. Prisar for deling av eigedom Sjå punkt 5.2 og 5.3 i gebyr for matrikkelsaker Merk at det i enkelte saker kan vera aktuelt å fakturera etter fleire punkt i gebyrregulativet. Publisert 01.03.2019 10.42