Justering av grenser

Justering av eigedomsgrenser kan skje ved grensejustering eller arealoverføring, avhengig av kor stort det omsøkte arealet er.

Uavhengig av sakstype, må det gjennomførast ei oppmålingsforretning der dei nye grensene vert merka og målt. Resultatet av oppmålingsforretninga vert ført inn i matrikkelen som er Norges offisielle eigedomsregister.

Grensejustering

Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar. Grensejusteringar krev ikkje løyve etter plan- og bygningslova, med mindre tiltaket er i strid med lovverk og overordna planar.

 

Arealoverføring

Arealoverføring er ei overføring av areal mellom to eigedomar. Arealet vert overført mellom tilgrensande matrikkeleiningar utan at arealet vert oppretta som eiga matrikkeleining. Arealoverføring kan berre skje mellom eigedomar på same "nivå" i matrikkelen, til dømes mellom to grunneigedomar eller mellom to festetomter.

For at arealoverføring kan skje må arealet som skal overførast vera fritt for hefte. Les meir om pantefråfall ved arealoverføring på Kartverket sine heimesider.

Kontakt

Bente Elin Hereid
Oppmålingsansvarleg
E-post
Telefon 53 67 36 56
Mobil 91 86 01 65

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00