Visma Flyt Skole info

Lægreid skule nyttar Visma Flyt Skole som skuleadministrativt system.

Logg inn i Visma flyt Skole

Lægreid skule nyttar Visma Flyt Skole som skuleadministrativt system.

Elevar, klasser, lærarar og føresette er registrert i dette systemet, og fråvær, merknadar og karakterar vert lagt inn her. I Visma flyt Skole handsamar vi også SFO-søknadar og administrasjon av SFO-plassar.

Føresett-appen Min Skole

Lægreid skule nyttar Visma Flyt Skole sin føresett-app Min Skole som kommunikasjonskanal mellom heim og skule.

Alle meldingar som vert sendt mellom skule og føresette via føresett-appen Min Skole, vert loggført på eleven si meldingsfane i Visma Flyt Skole.

NB: - ikkje send sensitiv informasjon (som detaljar om sjukdom eller mistrivsel) i føresett-appen, og heller ikkje på sms eller e-post til skulen.

Som føresett kan du blant anna nytte appen til kommunikasjon med skulen, melde fråvær, svare på spørjeskjema frå skulen, og sjekke om barnet ditt er sjekka inn/ut på SFO.
Lenke: Les meir om korleis du lastar ned føresett-appen Min Skole, og korleis du nyttar den.

App for føresette - info

Føresettportalen

Lægreid skule har no tatt i bruk Føresettportalen. Den finn de når de vel Visma Flyt Skole. Der kan de sende søknadar om SFO-plass, permisjon/fråvær og redusert betaling. Melding til skulen må fortsatt sendast via appen, men denne funksjonaliteten kjem på plass til hausten.
Som føresett kan du logge på webversjonen av Visma Flyt Skole med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).

I webversjonen kan du:

  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er riktig
  • Gje samtykkjer
  • Fylgje med på fråvær, merknadar, vurderingar og karakterar som er ført på eleven. Fråvær og merknadar kan du også sjå i føresett-appen
  • Søkje, seie opp eller endre SFO-plass
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass
  • Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har

Lenke: Brukerveiledning for føresette i Visma Flyt Skole

Føresettportalen - info

Har du problem med tilgang?

Dersom du har problem med tilgang som føresett, tek du kontakt med skulen.