Krisa i Ukraina og vår eigen beredskap

Eidfjord kommune fylgjer situasjonen i Ukraina nøye, og har planverk klart dersom noko skulle skje.

Trusselbilete

Justis- og beredskapsdepartementet har ikkje gått ut med endra trusselbilete for Noreg som fylgje av krigen i Ukraina. Likevel er det forståeleg at fleire kan kjenna på uro knytt til situasjonen.

Eigenberedskap

For innbyggjarar er eigenberedskap ei fornuftig tilnærming.

Jodtablettar

Jodtablettar står på lista over eigenberedskapsartiklar, dette kjøper husstandane sjølve. Skule og barnehage vil få utdelt jodtablettar. Føresette vil få informasjon og tilbod om å skriva under på samtykkeskjema.

Tablettane:

  • kan brukast av dei under 40 år
  • kan kjøpast på apotek
  • skal kun brukast om beredskapsmyndigheitene gjev beskjed om det

Dei under 40 år er anbefalt å ha dette lagra heima.  For meir informasjon sjå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet sine nettsider.

Anna info