Ny reguleringsplan

Ny reguleringsplan

For alle større byggje- og anleggstiltak er det som hovudregel krav om reguleringsplan. For å etablera noko nytt på eit uregulert areal, må ein gjennom ein reguleringsprosess. Private planframlegg må fylgja innhaldet i kommuneplanen sin arealdel og andre planar som er aktuelle for området. For å leggja fram ein ny reguleringsplan, må det leggjas fram eit planinitiativ.

Kva er eit planinitiativ?

Når ein privat aktør ynskjer å endra eller produsera ein ny reguleringsplan, vil dei måtta laga eit planinitiativ som fortell kva føremålet med planen er, innhald og verknader av planen. Dette skal presenteras for planmynden i eit oppstartsmøte, kor planmynden skal ta stilling til planinitiativet som heilskap. 

Andre ofte stilte spørsmål i samband med nye reguleringsplanar kan sjekkas her.

 

Planinitiativet skal i naudsynt grad omtala premissa for det vidare planarbeidet, og redegjøre for fylgjande, jf. pbl. § 12-8:

  • Føremål med planen
  • Planområdet og om planarbeidet vil få verknader utanfor planområdet
  • Planlagt bebygnad, anlegg og andre tiltak
  • Utbyggingsvolum og byggehøgder
  • Funksjonell og miljømessig kvalitet
  • Tiltakets verknad på, og tilpassing til, landskap og omgjevnader
  • Forholdet til kommuneplan, eventuelle gjeldande reguleringsplanar og retningsliner, og pågåande planarbeid
  • Vesentlege interesser som rørs av planinitiativet
  • Korleis samfunnssikkerheit skal ivaretas, mellom anna gjennom å forebyggja risiko og sårbarheit
  • Kva for nokre rørte offentlege organar og andre interesserte som skal varslas om planoppstart
  • Prosessar for samarbeid og medverknad frå berørte fagmynder, grunneigare, festere, naboer og andre rørte
  • Vurderingen av om planen er omfatta av forskritft om konsekvensutredninger, og korleis krava i tilfelle vil bli ivareteke 

 

Vedlegget under synar kommunen sin sjekklista for vurdering av planinitiativ, ein grei rettleiiar:

Sjekkliste for vurdering av planinitiativ (PDF, 115 kB)

 

Ferdig utarbeida planinitiativ

Ved utarbeida planinitiativ kan ein bestilla eit oppstartsmøte med kommunen. Her vil de få moglegheit til å presentera planinitiativet, og kommunen vil gjera ei tilråing i samband med presentert materiell.

Tinging av oppstartsmøte

Ofte stilte spørsmål om oppstartsmøte:

 

Innsending av reguleringsplanforslag

Dersom kommunen tilrår oppstart av planarbeidet, vil me i samband med motteke reguleringsplanforslag nytta fylgjande sjekklista som kravspesifikasjon. All formell innsending av planmateriell skal skje til e-post: postmottak@eidfjord.kommune.no. 

Kravspesifikasjon med sjekkliste for reguleringsplanforslag (PDF, 277 kB)

 

Allereie regulert?

For å sjå om ein eigedom eller eit område allereie er regulert, kan du gå inn i vår kartløysing. Her kan du søkja opp eit område med stadnamn, eller ein aktuell eigedom ved hjelp av adresse eller gards- og bruksnummer. Dersom eigedomen/området allereie er regulert, kan du lesa om korleis ein endrar ein reguleringsplan her.

Sjå om ein eigedom eller eit område er regulert

 

Gebyr reguleringssaker

Reguleringsarbeid har gebyrsatsar jf. plan- og bygningslova §33-1.

Gebyr for reguleringssaker

Kontakt

Rebecka Friis
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 64
Mobil 481 42 590
Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 916 29 672

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00